Dei som ikkje får plass i robåtane får alternativ skyss.

Fronnes er ein idyllisk plass med strand, rik flora i beite- og gamal slåttemark og med fleire kulturminne, til dømes graver frå bronsealderen, murar etter kornkvern og restar etter sagbruk. Dei som ynskjer det, kan gå ein kulturhistorisk rundtur med ein lokalkjend. Vi fyrer bål, ror og går på skattejakt i fjæresteinane. Ta med badetøy, spikkekniv, mat til å grille på bål og drikke.

Hugs redningsvesten! Vi minner om at alle barn må ha følgje av vaksne!
Vi ror frå Fronnes klokka 16.

Har du spørsmål eller vil melde dykk på, ta kontakt med Janicke Hoel, tlf: 90691950 eller på e-post: janickehoel @hotmail.com. Påmeldingsfrist torsdag 7. juni.


Dei som ynskjer det kan leige kajakk eller kano hos Aurland fjord og fjellguiding.
Stabile 2 pers. kajakk og kano (3 pers.) - kr 350,- pr båt.
Singel kajakk kr. 250,-
Nødvendig padleutstyr inkl. + guide/vegleiar
For info/bestilling ring 977 01 960 / 479 00 212