Det har på mange måtar vore eit aktivt år for kystlaget, der særleg vedlikehaldsarbeidet og redning av motorskøyta har vore tids- og arbeidskrevjande. Mange dyktige medlemmer og andre gode hjelparar var ivrige i dugnadsarbeidet med å få skøyta restaurert og oppattpussa til sommarsesongen.

Etter båtførarkurset som me arrangerte i mai, hadde dei yngste deltakarane hugnad i å bruke skøyta på fjorden i sommarmånadene for å øva på dei teoretiske kunnskapane dei hadde tileigna seg på kurset. Siste turen med skøyta var på Kulturminnedagen eit arrangement som ei sentral gruppe frå kystlaget gjennomførte trass i dårleg ver med mykje vind og regn i Nærøyfjorden den 11. september.

Det tragiske utfallet med skøyta vart at hauststormen tok so hardt at skøyta vart totalt øydelagd ei haustnatt i slutten av september. Vi tenkjer på alle dei hjelparane som har investert både mykje tid og pengar for at kystlaget skulle ha ei skøyte til gleda for alle medlemmane og beklagar denne triste hendinga med skøyta vår.

Det vart gjort ein stor frivillig innsats av ei gruppe kystlagsvenner ein heil dag i bergingsarbeidet for å få skøyta sikkert på land. Til alt hell var skøyta godt forsikra så laget slepp det økonomiske tapet i tillegg til tapet av sjølve skøyta. So får vi sjå vegen vidare i 2012 om det er liv laga for ein ny motorbåt. - - -

Vi har elles i sommarhalvåret hatt vår faste frammøte dag kvar onsdagsettermiddag ved basen vår på kaien og naustet på Kaupanger, der me har halde ulike kurs i roing og segling på fjorden. Det vart elles på vårparten halde eit båtførarkurs i Sogndal. I Aurland Kommune har kystlaget arrangert aktivitet med opplæring i robåtane for både skuleelevar og barnehageborn.

I Kystled arbeidet vårt måtte vi i år setja i gang ei viktig sak og eit godt samarbeid med
Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund, for å få ferdig bygget og levert 2 nye kopiar av ein sognebåttype frå 1890 frå Balestrand, som bør takast vare på for ettertida.
Den første nye sognebåten vart levert i sommar og den store dåpen vart gjennomført på heiderleg vis på Bakka i Nærøyfjorden den 31.07.2011. Sjå www.norveg-sognefjord.no(external link)

Den andre nye sognebåten er no klar til levering frå Hardanger Fartøyvernsenter. Dersom vi kan engasjera nokon av medlemane til å vera med og henta båten, og til å vera med på å tenkja ut eit eigna nytt namn til båt nr 2, hadde det vore hyggeleg å få ei attendemelding på.
Vi vonar at vi alle saman i laget skal kunna hjelpa til med å skapa kunnskapskontinuitet med sognebåttradisjonane på Sognefjorden framover i tid. Det kan jo verta både interessant og morosamt.  Sjå vedlegget med foto av den nye sognebåten! Julepressangen i år til Indre Sogn Kystlag.

Beste helsing for styret i ISK Desember 2011
Marny Tønnessen
Leiar
www.norveg-sognefjord.no(external link)
www.kystled-sogn.no(external link)